Holsekervegen 22 (Ulsteinvik) - Tomannsbustad med parkeringskjellar

Over: Tomannsbustaden vert liggande svært sentralt til, berre ca. 440 meter frå Ulstein Arena, og ca. 540 meter frå Blåhuset kjøpesenter. 

 

Over: Tomannsbustaden vert liggande svært sentralt til, berre ca. 440 meter frå Ulstein Arena, og ca. 540 meter frå Blåhuset kjøpesenter. 

 

Over: Holsekervegen 22 vert riven, og ein ny tomannsbustad over 3 plan vert etablert på tomta. Vi planlegg å gå bort frå eksisterande tilkomst, med ny tilkomst direkte frå Holsekervegen og rett inn i eiga dobbel garasje (ikkje felles garasjeanlegg). Innvendig trapp og løfteplattform frå garasje og opp til 2. og 3. etasje. Garasjekjellar vert dels nedgreven, slik at totalhøgda på huset vert omtrent som i dag. 

 

 

Stor tomannsbustad under prosjektering i Ulsteinvik sentrum 

På adressa Holsekervegen 22 vert dagens hus rive, og det vert oppført ein stor tomannsbustad på ca. 210 kvm + 45 kvm garasje per bueining. 

Fokus i prosjekteringa er på funksjonalitet, bukvalitet og standard. Herunder kan nemnast: 

  • Tilkomst. Huset får direkte tilkomst frå Holsekervegen, og bebuarane køyrer direkte inn i sin eigen parkeringskjellar med dobbel biloppstillingsplass. 
  • Heis. Det er lagt opp til eiga rullestolheis for kvar av bebuarane, slik at ein enkelt kan ta heis frå bilen og opp til 2. og 3. etasje. 
  • Vedlikehald og standard. Det er lagt opp til ein utprega høg standard, og det vert utelukkande nytta lite vedlikehaldskrevjande. Herunder 
  • Royalimpregnert bordkledning. 
  • Fasadeplater. Vi nyttar Formica fasadeplater heller enn murpussplater for å unngå vedlikehaldet som sementbaserte produkt ofte utløyser. 
  • Royalimpregnerte terrassebord
  • Eiga heis (frå TKS Heis). 
  • Trapp i kvitlasert heiltre eik frå Eik Trapp. 
  • Skyvedørsgarderober frå Leba 
  • Kjøken frå Sigdal. 

 

Teikningar og meir informasjon om prosjektet kjem i slutten av september 2019. 

 

Visning og bilder frå referanseprosjekt 

Vi har avtale med mange kundar om visning, slik at nye kundar kan få oppleve husa før dei eventuelt bestemmer seg for å kjøpe. Ta kontakt for visning, så finn vi eit tidspunkt som høver. 

Vi har også ein svært fyldig bildebank. Trykk her for å sjå bilder frå tidlegare prosjekt. 

 

Kvifor velje Total-Bygg?

Total-Bygg Hjørungavåg AS har bygga bustader sidan 1958, og tek mål av oss for å levere husvære med høg kvalitet og bruksverdi, og solide vidaresalsverdiar. Vi har i hovudsak prosjekt i Ulsteinvik og på Hareid, men har også hatt fleire prosjekt på Nordmøre, i Ålesundsregionen og i Oslo. 

Husa vi byggjer i Hovsetsvingane vert levert med ei komplett ferdigstillingsgrad til ein fordelaktig og fast pris for kunden. Sidan vi har bygga hustypane fleire gongar har vi god kontroll på kostnadene, og kan dermed levere einebustader til ein betydeleg lavare pris enn kunden sjølv vil greie å oppnå ved eigenbygging. 

Husværa har stor stove, bad og muligheit for soverom i begge etasjer. Husa høver difor godt om ein ønskjer å etablere separate "soner" for born, ungdom eller vaksne som kan nyttast parallelt og uavhengig av kvarandre. Det er også mulig å etablere vegg i kjellarstova slik at kjellarstove og soveromma i denne etasjen vert fullstendig separert frå resten av huset. 

Vi nyttar på eit generelt grunnlag materialar av høgste kvalitet i alle ledd, og har vald løysingar med lite krav til vedlikehald. 

Vurderer du å investere i ein ny heim bør både kjøpesum og sannsynleg salsverdi vurderast som ein del av reknestykket. Vi vil gjere vårt ytterste for å gjere bustadkjøpet til ei hyggeleg oppleving, og er trygge på å levere valuta for pengane både med tanke på bruksverdi og vidaresal. 

Total-Bygg har showroom på Hjørungavåg der kundar, og mange tek seg ein tur og kikar på materialar og utstillingar før dei tek ei endeleg avgjerdsle om kjøp. Vi har også avtalar med kundar om visning i innflytta hus, så her er gode muligheiter for å få sjå det ferdige produktet før du bestemmer deg. 

For kundar som følgjer reglar for HMS og retningslinjer for tryggleik, er det også etter nærare avtale mulig å låne nøkkel og følgje byggeprosessen på nært hald og "frå A til Å". Vi har ein policy for full gjennomsiktigheit, der kundane til ei kvar tid kan følgje arbeidet som vert gjort på huset sitt.

Ta kontakt for avtale uforpliktande visning, leveranseskildring eller informasjonsmøte.

 

Matrikkelinformasjon

Kommunenr: 1516
Gårdsnr: 9
Bruksnr: 11