Delområde KS3 (Hovsetsvingane)

Over: Delområde KS3, Hovsetsvingane (gnr 9 bnr 520)

 

Over: Hovsetsvingane, Ulsteinvik. Delområde KS3 midt i bildet. 

 

 

Bustad
Hustype (lenkje)
Areal (BRA)
Ant sov
Pris inkl. omkost.
H24A
190 kvm
6
kr 5 363 000
H24B
190 kvm
6
kr 5 563 000
H25A
190 kvm
6
kr 5 563 000
H25B
164 kvm
6
SELD 
H26A
164 kvm
6
kr 5 208 000
H26B
164 kvm
6
kr 5 208 000
H27
148 kvm 
6
SELD

Over: Tabellen syner hustypane på delområde KS3. Klikk på lenkjene for nøkkel-

informasjon om dei ulike husværa. 

 

 

Frittståande einebustader på eiga tomt

7 nye einebustader lokalisert på delområde KS3 (gnr 9 bnr 520) i Hovsetsvingane ovanfor Høddvoll, Ulstein kommune. Dette er også ei av dei aller flottaste tomtene i feltet, og bustadene vert liggande flott til i vest med nydeleg utsikt utover skjærgården, Herøy og vidare utover storhavet. 

Området ligg nær fritidstilboda på Høddvoll, skular og barnehagar. Umiddelbar nærleik til tursti og bakanforliggjande turområde. 

Jf. situasjonsplanen er det no ledig 2 einebustader av hustype 2 ELLEN SIGNATUR på 164 kvm (H26A og H26B), samt 3 einebustader av hustype 9 THORA SIGNATUR (H25A, H26A og H26B). Husa får nydeleg utsikt over framforliggande busetnad og ut over hamnebassenget, Herøybrua og storhavet. 

Ta kontakt for meir informasjon, teikningar, leveranseskildringar og målsette planteikningar for dei respektive hustypane. 

Inkludert i prisen er garasje på heile 50 kvm, samt asfaltert uteareal (ihht situasjonsplan) og tilsådd plen. Alle naudsynte murar er inkludert i prisen. Huset får dermed ei komplett ferdigstillingsgrad både utvendig og innvendig - her får du mykje for pengane! 

Merk at alle tomtene vert frådelte med eige gards- og bruksnummer, slik at tomtene ikkje vert eit sameige: Her disponerer du di eiga tomt! Tilkomstvegen for tomtene vert liggande med eit eige gards- og bruksnummer, og vert fordelt på tomtene med 1/7 kvar og med tinglyst vegrett for alle. Det er inngått avtale om brøyting av tilkomstveg, og kostnaden for dette vil utgjere ca. kr 1250 per hus per år.

 

Pris, leveranseskildring og mulige uttrekk

Oppgitte prisar inkluderer nøkkelferdig hus komplett med tomt. Kostnad for frådeling av tomt med eige gards- og bruksnummer er inkludert i prisen. 

Både hustype 2 ELLEN SIGNATUR og hustype 9 THORA har på eit generelt grunnlag høg standard (sjå spesifikasjonar under). Inkludert i prisen vert uteareal levert med alle natursteinsmurar, trapper og betongmurar som framgår av situasjonsplan. Trafikkareal på sørsida av husa vert levert asfalterte (evt. singla og grusa på markerte området). Plenareala vert levert planert og tilsådd. 

Dette er ein fast pris for komplett einebustad med tomt, dobbel garasje og utvendig tilstelling og asfaltering der kunden er utan risiko for evt. meirkostnader. 

Merk at det vi har oppgradert standardinnhaldet, og det er mulig å trekke ut oppgraderingar "krone for krone" for kundar som ønskjer dette. Mellom anna ligg no følgjande inn som standard: 

  • Gips på stove/kjøken, entre, kjellarstove og alle soverom. Det vert montert bakanforliggande stålvinklar for å styrke gipsen og eliminere sprekker / krakkelering. Uttrekkspris ved endring til veggplater: ca. kr 80 000 - 90 000 inkl. mva. 
  • Downlights på kjøken/stove, entre, kjellarstove og begge bad. Uttrekkspris ved endring til vanlege lampar ca. kr 40 000 inkl. mva
  • Varmekablar på kjellarstove, vaskerom, begge bad og entre. Uttrekkspris etter avtale. 
  • Skyvedørsgarderobe i entre og på valfritt soverom. Uttrekkspris ca. kr 24 000 inkl. mva. 
  • Royalimpregnert bordkledning. Endringspris (uttrekk) etter avtale. 
  • 1-stavs parkett frå Tarkett av typen Shade eik evening grey midiplank eller Shade eik cream white midiplank. Uttrekkspris avhengig av erstatningsgolv. Evt. høgtrykkslaminat av type Berry Alloc Grand Avenue. 
  • 50 kvm garasje. Uttrekkspris ca. kr 225 000 inkl. mva. 
  • Kjøkenpakke er inkludert med kr 100 000 inkl. mva. Det vert gitt uttrekk krone for krone om kunde ønskjer å ordne kjøkenet sjølv. 


Lista er ikkje uttømande. 

Oppgitt pris er no fast, og er som nemnd over korrigert med prisstigningar og auka tomteareal frå tidlegare prosjekt. Vi tek atterhald om justering av pris fram til bindande kontrakt er inngått. Ved signering av kontrakt er prisen fast for kunde, og kan ikkje justerast av seljar. 

Ta kontakt for å få tilsendt leveranseskildring, husteikningar og garasjeteikningar.

 

Kundetilpassingar, materialval og planløysingar

Både hustype 2 ELLEN SIGNATUR har fleire ulike planløysingar som kunden kan velje mellom. Kunden frå fridom til både å velje mellom ulike planløysingar, samt gjere endringar (flytting av veggar med vidare) utan kostnad (ingen justering av prisen). 

Herunder kan kunde legge til eller fjerne soverom eller veggar, utvide kjøkenareal i andre etasje eller gjere andre interne tilpassingar. 

Merk at det mellom anna er mulig å etablere ein vegg mellom entre og kjellarstove i 1. etasje slik at kjellarsonen vert isolert frå resten av huset. Dette vil hindre lydoverføring mellom opphaldsromma i dei to etasjene. Det er viktig at det vert teke hensyn til dette allereie ved prosjekteringa av huset, slik at det mellom anna kan etablerast både til- og frå-luft frå ein slik separert sone ved prosjektering av ventilasjonsanlegget. 

Jf. informasjon under så har Total-Bygg eit eige showroom i Hjørungavåg der kunde får velje fritt mellom eit stort utvalg av parkettar, laminatar, fargar, innreiingar og andre materialar som alle er inkluderte i prisen. I den grad kunde ønskjer å gjere reine oppgraderingar av materialane (til dømes ei dyrare trapp) så betaler kunde kun netto kostpris utan forteneste til Total-Bygg. Vi er difor trygge på at vi tilbyr marknadens mest kundevenlege modell for hussal!

 

Oppsummert leveranseskildring

Merk at leveranseskildring under ikkje er komplett, og vi ber interessentar ta kontakt for å få tilsendt komplett leveranseskildring og romskjema for prosjektet. 

1. etasje: Bad, kjellarstove, vaskerom, soverom 1-3(4) og bod / walk in closet. Utgang til hage.

2. etasje: Stove/spisestove, kjøken, bad og soverom 5 (evt. bod/kontor). Utgang til veranda frå stove. 

Konstruksjon: Husa vert levert med 20 cm isolasjon i veggar, 30 cm isolasjon i tak og 25 cm isolasjon i golv. Det vert etablert radonsperre i golv i henhald til forskriftskrava, og det vert støypt ca. 10 cm armert betongplate. Bordkledning vert levert royalimpregnert (evt. ny type med spor levert med grunning og mellomstrøk). Aluminiumskleidde trevindu frå Natre. Bjelkelag og takstolar frå PreTre (eller tilsvarande). Tak vert tekka med bitumenbasert membran. Alle produkt er sertifiserte og godkjende etter gjeldande forskrift. 

Veggar og tak på opphaldsrom (entre, stove, kjøken, kjellarstove og soverom): Gips med listefrie tak og vindauge. Gips i tak. Måla i valfri farge. Det vert montert stålprofilar i overgangar mellom veggar og tak for å minimere risiko for sprekker og krakkelering i gipsen. 

Veggar og tak på vaskerom og bod: Ferdigmåla veggplater (Huntonitt) av type Microfuge kvit. Måla takplater i himling. 

Parkett: 1-stavs parkett (plank) parkett frå Tarkett av type Shade eik cream white midiplank eller Shade eik evening grey midiplan frå Tarkett. Eventuelt valfri høgtrykkslaminat frå Berry Alloc av serie Grand Avenue eller Original. 

Fliser: Kunde får velje mellom eit stort utval fliser hjå vår leverandør Fagflis (Flisform) i Myrvåg/Ålesund eller Kuling. Herunder kan fliser av serie Hexagon med mange kreative mønster veljast. 

Baderom: Kunde får velje i eit stort utval baderomsplater (leverandør Fibo). Det er mulig å kombinere ulike plater for å designe eit bad etter eige ønskje. Flis på veggar er mulig etter avtale. 

Entre/gang: Varmekabel. Parkett eller flis på golv (fritt val). 3 downlights med dimmar i himling. Gips på veggar og i tak. Skyvedørsgarderobe (ca. 150 cm) med glasfrontar. 

Bad (2. etasje): Varmekabel. Servantskap av type Mari 120 cm frå Linn Bad med porselenservant (andre modellar kan veljast ved ønskje) med valfri finish. Høgskap av type Mari 40 cm frå Linn Bad med dør og hyller. Spegl med aluminiumsramme og belysning. Flislagd golv med varmekablar. Baderomsplater frå Fibo. Dekorativt vegghengt klosett med glasramme av type Monolitt. Elegante dusjveggar med fast glasfelt og dør frå Viking Bad. Mekanisk avtrekk. 3 downlights i himling med dimmer. Oppgradert toalettskål av type Alterna M3 Easyclean, og regnndusj. 

Bad (1. etasje): Lys og moderne baderomsinnreiing med 120 cm servantskap av toppmodellen Mari frå Linn Bad. Porselensservant. Speil med aluminiumsramme og belysning. Høgskap type Mari med dør og hyller. (Andre modellar kan veljast etter avtale). Flislagd golv med varmekablar. Baderomsplater frå Fibo. Elegante dusjveggar med fast felt og dør frå Viking Bad. Mekanisk avtrekk. 3 downlights i himling med dimmer. Oppgradert toalettskål av type Alterna M3 Easyclean, og regnndusj. 

Vaskerom: Flislagd golv og måla veggplater. Varmekabel på golv. Belysning i himling. Opplegg for vaskemaskin. Skyllekar og varmtvasstank. Unit for sentralstøvsugar og balansert ventilasjon vert plassert på vaskerom eller bod (etter avtale). 

Kjøken: Gips med listefrie tak og vindu. Kjøkeninnreiing og kvitevarer er inkludert med kr 100 000,- og kan nyttast hjå våre leverandørar Sigdal eller Aubo, eller annan valfri leverandør. Kjøken kan oppgraderast utover dette beløpet, eller trekkast ut etter ønskje. Det vert gitt uttrekk krone for krone ved eventuelt uttrekk. 4 downlights i himling på kjøken med dimmer. 

Stove: Lampepunkt over spisebord (plassering ved avtale), og 6 downlights i himling med dimmer. Varmepumpe av type Mitsubishi Kaiteki eller tilsvarande. Opplegg til tv. Gode lysforhold med 270 cm takhøgde og store vindusflater. God plass til sitjegruppe, salongbord og evt. eiga adskilt TV-stove. Utgang til veranda. 

Kjellarstove: Parkett/høgtrykkslaminat (valfritt). Gips på veggar og tak. 6 downlights i tak. 

Soverom (felles): Parkett/høgtrykkslaminat (valfritt) på alle rom. Skyvedørsgarderobe med glasfrontar frå Leba på hovudsoverom - elles garderobeskap på resterande soverom. Lys i himling. 

Bod (1 og 2): Flis på golv. 270 cm takhøgde med god plass til hyller, frysar eller annan oppbevaring. Belysning i himling. 

Oppvarming: Varmepumpe som hovudvarmekjelde. I tillegg er det inkludert varmekabel på 5 rom (begge bada, vaskerom, entre og kjellarstove). Det vert også (i tråd med forskriftskrav) lagt inn membran, kryssfiner og etablert takhatt slik at det enkelt kan ettermonterast vedomn med stålpipe. Omn kan etter nærare avtale også monterast i samband med bygginga. 

Parkering: Alle husa har frittståande 50 kvm garasje inkludert i prisen, og i tillegg har alle husa gjesteparkering på asfaltert uteareal. 

Hageareal: Levert med komplett finish ihht vedlagte situasjonspan.

 

Kvifor velje Total-Bygg?

Total-Bygg Hjørungavåg AS har bygga bustader sidan 1958, og tek mål av oss for å levere husvære med høg kvalitet og bruksverdi, og solide vidaresalsverdiar. Vi har i hovudsak prosjekt i Ulsteinvik og på Hareid, men har også hatt fleire prosjekt på Nordmøre, i Ålesundsregionen og i Oslo. 

Husa vi byggjer i Hovsetsvingane vert levert med ei komplett ferdigstillingsgrad til ein fordelaktig og fast pris for kunden. Sidan vi har bygga hustypane fleire gongar har vi god kontroll på kostnadene, og kan dermed levere einebustader til ein betydeleg lavare pris enn kunden sjølv vil greie å oppnå ved eigenbygging. 

Husværa har stor stove, bad og muligheit for soverom i begge etasjer. Husa høver difor godt om ein ønskjer å etablere separate "soner" for born, ungdom eller vaksne som kan nyttast parallelt og uavhengig av kvarandre. Det er også mulig å etablere vegg i kjellarstova slik at kjellarstove og soveromma i denne etasjen vert fullstendig separert frå resten av huset. 

Vi nyttar på eit generelt grunnlag materialar av høgste kvalitet i alle ledd, og har vald løysingar med lite krav til vedlikehald. 

Vurderer du å investere i ein ny heim bør både kjøpesum og sannsynleg salsverdi vurderast som ein del av reknestykket. Vi vil gjere vårt ytterste for å gjere bustadkjøpet til ei hyggeleg oppleving, og er trygge på å levere valuta for pengane både med tanke på bruksverdi og vidaresal. 

Total-Bygg har showroom på Hjørungavåg der kundar, og mange tek seg ein tur og kikar på materialar og utstillingar før dei tek ei endeleg avgjerdsle om kjøp. Vi har også avtalar med kundar om visning i innflytta hus, så her er gode muligheiter for å få sjå det ferdige produktet før du bestemmer deg. 

For kundar som følgjer reglar for HMS og retningslinjer for tryggleik, er det også etter nærare avtale mulig å låne nøkkel og følgje byggeprosessen på nært hald og "frå A til Å". Vi har ein policy for full gjennomsiktigheit, der kundane til ei kvar tid kan følgje arbeidet som vert gjort på huset sitt.

Ta kontakt for avtale uforpliktande visning, leveranseskildring eller informasjonsmøte.

 

Visning og bilder frå referanseprosjekt 

Vi har avtale med mange kundar om visning, slik at nye kundar kan få oppleve husa før dei eventuelt bestemmer seg for å kjøpe. Ta kontakt for visning, så finn vi eit tidspunkt som høver. 

Vi har også ein svært fyldig bildebank. Trykk her for å sjå bilder frå tidlegare prosjekt. 

 

 

Matrikkelinformasjon

Kommunenr: 1516
Gårdsnr: 9
Bruksnr: 520

 

FINN-kode

129608280