Iverskogen (Hareid) - Nydeleg utsikt, nær alt

Over: Bustadfeltet Iverskogen får 19 bueiningar, og ligg sentralt til i forhold til Hareid sentrum. Vi legg vekt på å opparbeide eit heilheitleg bustadfelt med høg kvalitet, og fokus på butrivsel. Vegar og teknisk anlegg vert overtekne og drifta av kommunen, og det vert opparbeidd ein flott leikeplass som sentrum i bustadfeltet. 

 

Over: Iverskogen, Hareid. 

 

 

Hustypar og prisar 

 

Over: Tomter, Iverskogen. 

 

 

Tomt 
Hustype 
Areal 
Pris 
1
 
  • 7 TONE SIGNATUR
  • 1 EDVARD SIGNATUR 
 
  • 156 kvm
  • 186 kvm
Sjå eiga annonse
2
 
  • 6 KNUT SIGNATUR, evt. 
  • 9 THORA SIGNATUR 
 
  • 310 kvm 
  • 190 kvm
Sjå eiga annonse
3
 
  • 6 KNUT SIGNATUR, evt.
  • 9 THORA SIGNATUR 
 
  • 310 kvm
  • 190 kvm
Sjå eiga annonse
4
 
  • 10 JORUNN SIGNATUR, evt
  • 1 EDVARD SIGNATUR 
 
  • 206 kvm
  • 186 kvm
Sjå eiga annonse
5
 
  • 10 JORUNN SIGNATUR, evt
  • 1 EDVARD SIGNATUR 
 
  • 206 kvm
  • 186 kvm
 
Sjå eiga annonse 
6
 
  • 5 INGEBORG SIGNATUR 
 
  • 84 kvm
 
Sjå eiga annonse 
7
 
  • 5 INGEBORG SIGNATUR 
 
  • 84 kvm
 
Sjå eiga annonse 
8
 
  • 4 CAMILLA SIGNATUR 
 
  • 87 kvm
 
Sjå eiga annonse
9
 
  • 11 LIVE SIGNATUR 
 
  • 124 kvm
   
Sjå eiga annonse 

 

 

 

Iverskogen - med trivsel og bukvalitet i fokus

Det er prosjektert 19 bueiningar i det nye bustadfeltet Iverskogen på Grimstad/Geilane i Hareid kommune. Området ligg roleg men sentralt til som ei forlenging av Geilane i retning mot Hareid. Umiddelbar nærleik til tursti og bakanforliggjande turområde og til fiske- og rekreasjonsmuligheiter på Grimstadvatnet. Kort veg til servicetilboda i sentrum, samt til skular og barnehagar. 

Alle husa vert liggande "luftig" til og er vend mot sørvest for optimalisering av solforhold. Tomtene får utsikt mot Melshornet/Grimstadvatnet og vidare innover Snipsøyrdalen. Her er du "kongen på haugen"! 

Iverskogen vert eit heilt nytt bustadfelt, og vil verte bygga husvære for alle kjøpargrupper. Feltet vil både få einebustadtomter til sals for kjøparar, einebustader i regi av Total-Bygg, tomannsbustader og moderne og praktiske leilegheiter i ulik storleik både med og utan heis. 

Leikeareal vert etablert med benkar og leikestativ som eit naturleg "sentrum" for bustadfeltet. Fleire av husværa vil grense direkte til leikearealet, og alle vil ha enkel tilgang til dette.

Feltet er prosjektert heilskapleg, og både arkitektonisk uttrykk og terrengplassering ber preg av dette. Området vert meget tiltalande då husa til tross for ulik design og storleik følgjer same stilart, og samtlige hus får utsikt sidan det er gjennomført ei prosjektering der dette har vore eit hovudfokus.

 

Pris og innhald

Husa i Iverskogen vert no fortløpande lagt ut på heimesidene våre. Samtlige hus kan leverast nøkkelferdige og med ein utmerka høg standard. Tomt vert inkludert i prisen, og samtlige hus vert leverte med naudsynte murnisjer for å ta opp nivåforskjell mellom 1. og 2. etasje. Trafikkareal vert levert ferdig asfalterte, avretta og komprimert for biloppstilling. Plenareala vert levert planert og tilsådd. 

Husa vert leverte med dobbel 50 kvm garasje og komplett ferdigstillingsgrad/finish på uteareal med plen, asfalt og mur i nedkant av tomta. 

Alle prisane er faste og komplette, og kunden er utan risiko for evt. meirkostnader. 

Merk at det vi har oppgradert standardinnhaldet, og på eit generelt grunnlag vert husværa levert med

  • Gips med listefrie veggar og tak på stove, kjøken, kjellarstove og entre. I tillegg gips i tak på begge bad. Gipsveggane (og tak) vert måla i kundens valfrie fargar. 
  • El-installasjon med stort innslag av downlights (på kjøken, stove, kjellarstove, entre, begge bad), samt varmekablar på entre, kjellarstove, begge bad og vaskerom. 
  • Rørinstallasjon med Monolithe glassisterner, designskåler på toalett, regndusj og valfrie dusjløysingar. 
  • Valfrie skyvedørsgarderober i høg kvalitet frå Leba på entre og valfritt soverom. 
  • 1-stavs parkett (type Shade Oak cream white midiplank frå Tarkett) eller valfri høgtrykkslaminat av serien Grand Avenue på alle rom.
  • Baderomsinnreiing av toppmodellen Mari frå Linn Bad er standard på alle bada. Standard oppsett med 120 cm servantskap og porselenservant, 40 cm høgskap og 120 cm spegl med sidelys og stikkontakt på begge bad. Dette kan sjølvsagt også endrast til annan type innreiing. 
  • Valfritt kjøken for kr 100 000,- (netto kostpris) frå våre leverandørar Studio Sigdal eller Aubo (Brødrene Dale). Vi har ein nettoavtale der våre kundar får alle våre rabattar i kjøkenleveransen. For dei som ønskjer å stå for kjøkenet sjølv kan kr 100 000,- trekkast ut av sluttoppgjeret. 
  • Kunde kan velke i eit stort utval i fliser til badegolv, vaskerom/bod og entre hos våre leverandørar Modena, Flisekompaniet, Fagflis eller Kuling. 
  • Sentralstøvsugar er inkludert som standard installasjon. 

 

 

Generell leveranseskildring

Merk at leveranseskildring under ikkje er komplett, og vi ber interessentar ta kontakt for å få tilsendt komplett leveranseskildring og romskjema for prosjektet. 

Konstruksjon: Husværa vert levert med 20 cm isolasjon i veggar, 30 cm isolasjon i tak og 25 cm isolasjon i golv. Det vert etablert radonsperre i golv i henhald til forskriftskrava, og det vert støypt ca. 10 cm armert betongplate. Bordkledning av ny type dobbelfals med spor vert levert med grunning og mellomstrøk, eventuelt kan det leverast royalkledning etter ønskje. Aluminiumskleidde trevindu frå Natre. Bjelkelag og takstolar frå PreTre. Tak vert tekka med bitumenbasert membran. Alle produkt er sertifiserte og godkjende etter gjeldande forskrift. 

Veggar og tak på opphaldsrom (entre, stove, kjøken, kjellarstove og soverom): Gips med listefrie tak og vindauge. Gips i tak. Måla i valfri farge. 

Veggar og tak på vaskerom og bod: Ferdigmåla veggplater (Huntonitt) av type Microfuge kvit. Måla takplater i himling. 

Parkett: 1-stavs parkett (plank) parkett frå Tarkett av type Shade eik cream white midiplank eller Shade eik evening grey midiplan frå Tarkett. Eventuelt valfri høgtrykkslaminat frå Berry Alloc av serie Original eller Grand Avenue. Andre alternativ mulig etter avtale. 

Fliser: Kunde får velje mellom eit stort utval fliser hjå vår leverandørar Modena, Flisekompaniet, Fagflis (Flisform) i Myrvåg/Ålesund eller Kuling i Fosnavåg.  

Baderom: Kunde får velje i eit stort utval baderomsplater (leverandør Fibo). Det er mulig å kombinere ulike plater for å designe eit bad etter eige ønskje. Flis på veggar er mulig etter avtale. 

Entre/gang: Varmekabel. Parkett eller flis på golv (fritt val). 3 downlights med dimmar i himling. Gips på veggar og i tak. Skyvedørsgarderobe i entre. 

Bad (2. etasje): Varmekabel. Servantskap av type Mari 120 cm frå Linn Bad med porselenservant (andre modellar kan veljast ved ønskje) med valfri finish. Høgskap av type Mari 40 cm frå Linn Bad med dør og hyller. Spegl med aluminiumsramme og belysning. Flislagd golv med varmekablar. Baderomsplater frå Fibo. Dekorativt vegghengt klosett med glasramme av type Monolitt. Elegante dusjveggar med fast glasfelt og dør frå Viking Bad. Mekanisk avtrekk. 3 downlights i himling med dimmer. Oppgradert toalettskål av type Alterna M3 Easyclean, og regnndusj. 

Bad (1. etasje): Lys og moderne baderomsinnreiing med 120 cm servantskap av toppmodellen Mari frå Linn Bad. Porselensservant. Speil med aluminiumsramme og belysning. Høgskap type Mari med dør og hyller. (Andre modellar kan veljast etter avtale). 
Flislagd golv med varmekablar. Baderomsplater frå Fibo. Elegante dusjveggar med fast felt og dør frå Viking Bad. Mekanisk avtrekk. 3 downlights i himling med dimmer. Oppgradert toalettskål av type Alterna M3 Easyclean, og regnndusj. 

Vaskerom: Flislagd golv og måla veggplater. Varmekabel på golv. Belysning i himling. Opplegg for vaskemaskin. Skyllekar og varmtvasstank. Unit for sentralstøvsugar og balansert ventilasjon vert plassert på vaskerom eller bod (etter avtale). 

Kjøken: Gips med listefrie tak og vindu. Kjøkeninnreiing og kvitevarer er inkludert med kr 100 000,- og kan nyttast hjå våre leverandørar Sigdal eller Aubo, eller annan valfri leverandør. Kjøken kan oppgraderast utover dette beløpet, eller trekkast ut etter ønskje. Det vert gitt uttrekk krone for krone ved eventuelt uttrekk. 4 downlights i himling på kjøken med dimmer. 

Stove: Lampepunkt over spisebord (plassering ved avtale), og 6 downlights i himling med dimmer. Varmepumpe av type Mitsubishi Kaiteki eller tilsvarande. Opplegg til tv. Gode lysforhold med 270 cm takhøgde og store vindusflater. God plass til sitjegruppe, salongbord og evt. eiga adskilt TV-stove. Utgang til veranda. 

Soverom (felles): Parkett på alle rom. Skyvedørsgarderobe med glasfrontar frå Leba på hovudsoverom - elles garderobeskap på resterande soverom. Lys i himling. 

Bod: Flis på golv. 270 cm takhøgde med god plass til hyller, frysar eller annan oppbevaring. Belysning i himling. 

Oppvarming: Varmepumpe som hovudvarmekjelde. I tillegg er det inkludert varmekabel på bad, vaskerom, kjellarstove, entre. 

Parkering: Parkering i eiga garasje / carport. Dei fleste husa vert levert med dobbel 50 kvm garasje. Sjå spesifikasjon i dei respektive annonsene. 

Hageareal: Hage vert planert med maskinsolda jord og tilsådd. 

 

Kvifor velje Total-Bygg? 

Total-Bygg Hjørungavåg AS har bygga bustader sidan 1958, og tek mål av oss for å levere husvære med høg kvalitet og bruksverdi, og solide vidaresalsverdiar. Vi har i hovudsak prosjekt i Ulsteinvik og på Hareid, men har også hatt fleire prosjekt på Nordmøre, i Ålesundsregionen og i Oslo. 

Husa vi byggjer i Iverskogen kan leverast med ei komplett ferdigstillingsgrad både utvendig og innvendig, herunder høg sluttfinish på uteareala. Vi har likevel gitt kunden valfriheit til å dele opp investeringa i uteareal, slik at ein lettare kan realisere einebustaddraumen. 

Den aktuelle einebustaden har høg standard og vert levert med påkosta løysingar og fasilitetar, og skiljer seg på mange måtar frå dei andre tilgjengelige prosjekta på marknaden. 

Vi nyttar på eit generelt grunnlag materialar av høgste kvalitet i alle ledd, og har vald løysingar med lite krav til vedlikehald. 

Vurderer du å investere i ein ny heim bør både kjøpesum og sannsynleg salsverdi vurderast som ein del av reknestykket. Vi vil gjere vårt ytterste for å gjere bustadkjøpet til ei hyggeleg oppleving, og er trygge på å levere valuta for pengane både med tanke på bruksverdi og vidaresal. 

Ta kontakt for ein hyggeleg og uforpliktande prat eller visning.

 

Visning og bilder frå referanseprosjekt 

Vi har avtale med mange kundar om visning, slik at nye kundar kan få oppleve husa før dei eventuelt bestemmer seg for å kjøpe. Ta kontakt for visning, så finn vi eit tidspunkt som høver. 

Vi har også ein svært fyldig bildebank. Trykk her for å sjå bilder frå tidlegare prosjekt. 

 

Matrikkelinformasjon

Gårdsnr: 47
Bruksnr: 159