HUSKATALOG

Tusen takk for at du syner interesse for huskolleksjonen vår. Total-Bygg feirar 60 år som husbyggjar. I seks tiår har vi bygd kvalitetshus for naboar og sambygdingar på Søre Sunnmøre. Dei siste 20 åra har Total-Bygg også utvikla og bygd ut større bustadområde i eigenregi. Desse prosjekta har vore med på å prege tettstadutviklinga i Ulstein og Hareid kommunar. Arkitekturen har følgt trendane i tida. Frå tradisjonelle fleirmannsbustader seint på 1990-talet, og fram til dagens modernistiske og funkisinspirerte einebustader i dag.