HUSTYPE 2 ELLEN

Ein liten gigant 

Hustype 2 ELLEN er ein moderne einebustad med store glasflater og reine linjer og fasader. Huset har eit totalt areal (BRA) på 148 kvm (standardvariant), eller på 164 kvm (signaturvariant). I tillegg kjem ein romsleg integrert veranda på ca. 14 kvm, samt eventuelle tilbygde verandaer. 

Hustypen og løysingane er av våre best gjennomarbeidde, og har eit innhald som nesten ikkje er til å tru: Det er stove og bad i begge etasjar, og moglegheit for heile 6 soverom. I tillegg har huset eit praktisk vaskerom, og til og med arealet under trappa gjer nytte som ei romsleg bod. Her får du mykje hus for pengane! 

Smarte Ellen  
Ellen er lita og forsiktig, men samstundes vakker, sosial og klok. Morosam også! Dette er ein bustad med masse plass, fornuftige og arealeffektive løysingar. Fin og stilrein. 

 

Hustype 2 ELLEN
Hovudinngang 
 1. etasje                          
Tomtetype 
Skrå / flat 
Bruksareal (BRA): Standard type
148                                       
Bustadareal (P-rom): Standard type 
126 
Bruksareal (BRA): Signatur 
164
Bustadareal (P-rom): Signatur 
142
Ant soverom
3-6 
Ant stover 
2
Ant bad 
2
Vaskerom 
Ja 
Veranda 
14-70
Garasje 
Frittståande 
Etasjer 
2

 

Varierte planløysingar for ulike behov 

I 1. etasje er det mange moglegheiter. Treng du alle soveromma, eller vil du nytte plassen til andre ting? Planløysinga vel du sjølv, og det er også moglegheit for sokkelleilegheit i huset. Hustype 2 ELLEN er utvikla over tid, og det er bygd mange ulike variantar av hustypen. I 2. etasje kan du velje mellom standardløysinga med bad og soverom, eller ei opa løysing der soverommet vert slått saman med stove og kjøken

 

Interne skiljer i huset 

Hustype 2 ELLEN har ei gjennomgåande opa løysing, men lydsoner kan enkelt etablerast: Ei dør mellom entré og kjellarstove i 1. etasje vil gi eit fysisk skilje mellom opphaldssonene i huset. Dette er enkle justeringar som vert innarbeidd etter avtale med kunde, og utan ekstra kostnad. 

 

Moglegheit for rullestolheis 

Hustype 2 ELLEN kan leverast med rullestolheis med sjakt. Det er også mogleg å prosjektere inn ei utsparing i bjelkelaget slik at rullestolheis enkelt kan monterast på eit seinare tidspunkt. Med ei slik tilrettelegging vert trapper inga hindring.