HUSTYPE 3 STELLA

Det minste huset 

Hustype 3 STELLA er ein praktisk einebustad på eitt plan med universell utforming. Huset er på 69 m2(BRA), og har inngang direkte frå integrert carport. Huset har svært gode utemoglegheiter i form av ein 35 m2 stor altan i tilknyting til stova.

Hustype 3 STELLA kan leverast med ulike planløysingar, og med eitt eller to soverom. Medan enkelte har behov for fleire soverom, har andre valt å flytte badet og etablere eit ekstra opphaldsrom eller tv-stove i tilknytning til stova. Andre har også valt å bytte plassering av kjøken og stove. Vi tilpassar planløysinga til dine behov.

 

Vesle, store Stella 
Stella gjer ikkje så mykje ut av seg og tek ikkje mykje plass. Men ho er intelligent og sit inne med svært mykje. Lita og nett, med fleire kvalitetar enn det storleiken og framtoninga tilseier.

 

Hustype 3 STELLA 
Hovudinngang 
1. etasje 
Tomtetype 
Flat 
Bruksareal (BRA)
69 kvm 
Bustadareal (P-rom)
63
Ant soverom
1-2
Ant stover 
1-2
Ant bad 
1
Vaskerom 
1
Altan 
25-50 kvm
Integrert carport 
Ja 
Etasjer 
1

 

Universell utforming 

Hustype 3 STELLA har universell utforming, og tilfredsstiller til dømes Husbankens lånekrav. Den grunnleggjande tankenbak universell utforming er at så mange som mogleg skal kunne bu i husværa, uavhengig av funksjonsevne.