HUSTYPE 5 INGEBORG

 

Alt på eitt plan 

Hustype 5 INGEBORG er leilegheiter der både design og praktiske omsyn er vektlagde. Modellen har eit modernistisk og funkisliknande uttrykk med store vindauge, glasrekkverk på altanane og 270 cm innvendig takhøgde. Samstundes har alle leilegheitene stor carport og ei ca. 20 m2 stor bod på første plan. Det er også tilkomst med rullestolheis med sjakt (løfteplattform) til alle leilegheitene.

Dette, i kombinasjon med at leilegheitene har ca. 30 m2 balkong kvar, gjer hustype 5 INGEBORG til ein heim der du kan bu og trivast nær sagt uavhengig av helsesituasjon og alder. Leilegheitene har difor også vore populære i alle kjøpargrupper – frå førstegongskjøparar til seniorar med behov for tilrettelegging.

 

Populære Ingeborg 
Ingeborg er humørfylt, praktisk, velorganisert og har auge for detaljar. Ho er ryddig og likar å stue bort ting som ikkje er i bruk. Ingeborg er oppteken av design, både innvendig og utvendig, og ser sjølv veldig flott ut.

 

Hustype 5 INGEBORG 
Hovudinngang                                   
  1. etasje (rullestolheis / trapp)                              
Tomtetype 
  Skrå 
Bruksareal (BRA)
  84 kvm 
Bustadareal (P-rom) 
  76 kvm 
Ant soverom
  1-3 
Ant stover 
  1
Ant bad 
  1-2 
Ant vaskerom 
  1
Altan 
  26-32 kvm 
Integrert carport 
  Integrert carport 
Etasjar  
  3

 

Ideell ved flytting frå einebustad til leilegheit 

I 1. etasje har alle leilegheitene ei eiga bod på om lag 20 m2. Etternærare avtale er det også mogleg å legge opp vatn og avløp i bod. Har du eit stort hus som skal ryddast ut, og ønskjer å ta vare på "ting og tang"? I hustype 5 INGEBORG vert dette ikkje noko problem.