HUSTYPE 6 KNUT

Iverskogen, Hareid: Hustype 6 KNUT SIGNATUR ligg nydeleg til på dei to øvste utsiktstomtene. 

Hustype 6 KNUT: Originalen. 

 

Kongen på haugen 

Hustype 6 KNUT er toppmodellen i kolleksjonen. Knut er «kongen på haugen», og vert levert med stor altan og integrert garasje. Med garasje og tilkomst på første plan høyrer Knut best heime på skrå tomter på oppsida avtilkomstveg, gjerne øvst i bakkane og med den beste utsikta.

 

Knut - ein grunnleggar 
Visste du at hustype 6 KNUT er namngjeven etter grunnleggar Knut Nedrelid? Knut treivst aller best i Nedrelidbakkane på Hjørungavåg, der han nytte utsikta mot Sunnmørsalpane og Storfjorden. Hustype 6 KNUT har store vindauge og altanareal. Plassert på den rette tomta, vil hustypen verkeleg kome til sin rett. Kanskje kan bebuarane her finne den same gleda og roa som Knut i si tid gjorde det på heimstaden?

 

 

Hustype 6 KNUT 
Hovudinngang 
1. og 2. etasje
Tomtetype 
Skrå / flat 
Bruksareal (BRA)
300 m2 
Bustadareal (P-rom)
220 m2
Ant soverom
3-6 
Ant stover
2-4 
Ant bad 
2-3 
Vaskerom 
Ja 
Altan 
50-100 m2 
Integrert garasje 
Ja 
Etasjar 

 

Fleksibilitet, tilpassingar og tilgjengelegheit 

Hustype 6 KNUT kan leverast med rullestolheis med sjakt. Det er også moglegå prosjektere inn ei utsparing i bjelkelaget slik at rullestolheis enkelt kan monterast på eit seinare tidspunkt. Med ei slik tilrettelegging vert trapper inga hindring.

Det er sjølvsagt også mogleg å etablere skiljevegg mellom trapp og kjellarstove, mellom kjellarstove og soveromsfløy og mellom stover i 2. etasje. Her står du fritt til å gjere eigne tilpassingar.