HUSTYPE 9 THORA

Over: Hustype 9 THORA SIGNATUR 

Over: Hustype 9 THORA 

 

Alt til storfamilien 

Det har vore etterspurnad etter ein større variant av hustype 2 ELLEN, og hustype 9 Thora skuffar ikkje: Med store bad og stover i begge etasjar, store soverom og utvida vaskerom/bod inneheld denne varianten alt som trengst for storfamilien. Med sine araleffektive planløysingar toler hustype 9 THORA samanlikninga mot mange større hustypar, både når det kjem til areal og pris. Her får du mykje hus for pengane.

 

Heimekjære Thora 
THORA er humoristisk, utadvendt, blid, flink, frisk i replikken, raus, gjestfri og heimekjær. Ho er velkledd og likar at alt ser pent ut. Samtidig set ho pris på gode løysingar og nok av plass til gjestar.

 

Hustype 9 THORA 
Hovudinngang 
  1. etasje               
Tomtetype 
  Skrå (evt. flat) 
Bruksareal (BRA) standard
  180 m2 
Bruksareal (BRA) SIGNATUR 
  190 m2 
Bustadareal (P-rom) standard 
  150 m2 
Bustadareal (P-rom) SIGNATUR 
  160 m2 
Ant soverom 
  6
Ant stover 
  3
Ant bad 
  2
Vaskerom 
  Ja 
Altan 
  14-50 m2
Garasje 
  Frittståande 
Etasjar 
  2

 

 

Interne skiljer i huset 

Sjølv om hustype 9 THORA i utgangspunktet har ei opa løysing, kan det enkelt delast i ulikelydsoner. Det kan etablerast dør mellom entré og kjellarstova, slik at opphaldsromma vert fysisk skilde frå kvarande. Dette er enkle justeringar som vert innarbeidde etter avtale med kunde, og utan ekstra kostnad

 

Ulike planløysingar for ulike behov 

Som for hustype 2 ELLEN kan kunde velje mellom mange ulike løysingar. Til dømes er det moglegå velje mellom standardløysinga med bad og soverom i 2.etasje, eller ei open løysing der soverommet vert teke inn i stove-og kjøkenarealet. I 1. etasje er det mange val kring talet på soverom, og om ein ønskjer full kjellarstove eller vil nytte delar av denne til andreføremål. For dei som ikkje treng all plassen er det også for dette huset mogleg å etablere sokkelleilegheit i 1. etasje. 

Hustype 9 THORA kan leverast med rullestolheis med sjakt. Det er også mogleg å prosjektere inn ei utsparing i bjelkelaget slik at rullestolheis enkelt kan monterast på eit seinare tidspunkt. Med ei slik tilrettelegging vert trapper inga hindring.